«Gamleståva»
«Gamleståva»
Øystein Kilane (barnebarn av Inger og Johan, og sønn av Sigurd) satte opp «Gamleståva» som et minnesmerke over livet i Kilane. Vi siterer Øystein:
Historia til «Gamleståva»
«Huset som Gamleståva var ein del av, vart bygt ca 1860 av Østen Kilene. Då det vart bygt nytt hus i 1982/1983, var det en del gamle ting som ikkje passa inn i nyhuset, og som ble satt inn i Gamleståva. Tanken om å ta vare på desse tinga modnast. Men det var harde tider, med renter på 16 til 17 %, så alt måtte gjerast på billigaste måte.»
Huset som «Gamleståva» er en del av, vart bygt av Østen Kilane
«Gamlehuset vart rive slik at berre «Gamleståva» stod att. Ny grunnmur vart sett opp, og ståva vart så flytta heil med mobilkran. Nytt tak og kledning kom på plass med materialer frå eigen skog.»
Inger og Johan.
Forbindelsen mellom Kilane og Amerika var ganske tett; Inger og Johan giftet seg i Hillsboro (North Dakota) 1. august 1894. Der fikk de også to barn (Klara og Jone), før de reiste hjem og overtok farsgården på Kilane i 1898.
Øystein skriver videre:
«Eg har denne historia etter mormor og morfar Rasmine og Edvard Bøen. Siri og Øystine døydde med berre få vekers mellomrom i 1921, berre 22 og 23 år gamle. Dette var rett etter første verdenskrig med rasjonering på drivstoff. Farfar Johan Kilane hadde motorbåt og skulle henta kista med Øystine heim for å bli gravlagt i Erfjord.
Men han mangla drivstoff, og fekk ikkje kjøpt. Eg hugsar mormor fortalde at Johan kom gråtande og spurde morfar om drivstoff. Han fekk det drivstoffet som morfar hadde fått tildelt som yrkesfiskar for å gå på fiske med, og henta kista heim til gravferda.
Nokre dagar seinare kom Johan på besøk til Rasmine og Edvard og hadde med seg store sekker med ull i bytte med drivstoffet. Rasmine og Edvard hadde det vanskeleg økonomisk på den tida, med seks barn som trong kler. Rasmine fekk nå spinna, veva og sy kler til ungane, av all ulla Johan gav dei.
Mormor var ei sindig dame, eg kan aldri hugsa at ho gret. Men kvar gong ho fortalte denne historia rann det tårer nedover kinna hennar. Det gjorde sterkt inntrykk på meg.»
Fem barnebarn av Inger og Johan samlet i Gamleståva; fra venstre Leif, Torbjørg, Øystein, Inger og Reidun. Reidun og Øystein er barn av Sigurd; Leif, Torbjørg og Inger barn av Torger.
Velkommen på besøk i «Gamleståva»!